Betre merking kan redusere plastforureining frå tauverk

I ein ny vitskapleg artikkel skriv Paritosh Deshpande og kollegaer ved NTNU om korleis tauverk frå den norske fiskerisektoren kan handterast på ein meir berekraftig måte enn i dag. Forskarane peikar på betre produktmerking som eit viktig tiltak.

Kvart år mistar den norske fiskerinæringa 383 tonn plast frå tauverk i norske farvatn, til dømes ved at fiskebåtar mistar tau i havet. Dette viser ferske analysar gjort av forskarane bak ein ny artikkel i Marine Pollution Bulletin.

Over halvparten av taua næringa brukar i dag, er vanskelege å resirkulere. Hovudgrunnen er at dei er sette saman av fleire ulike materiale, til dømes plast kombinert med metall.

Forskarane slår fast at materialsamansetninga i tauverk bør gå fram av produktinformasjonen på fiskeriutstyret for å gjere det enklare å resirkulere taua når dei må kasserast.

Her er hovudfunna:

Paritosh Deshpande er førsteamanuensis ved Institutt for industriell økonomi og teknologiledelse ved NTNU. Foto: NTNU

  • Kvart år går 383 tonn plast frå tauverk ut i norske farvatn. Dette går fram av forskarane sine analysar av materialflyt.

  • Forskarane har analysert 15 hovudtypar av tauverk brukt i den norske fiskeflåten for å forstå meir av berekraftutfordringane i sektoren.

  • Saman med aktørar som har ekspertise på feltet, rangerte dei tautypane ut frå kor godt dei eignar seg for resirkulering.

  • Om lag åtte av dei 15 tautypane viste seg å vere vanskelege å resirkulere.

  • Funna viser at materialsamansetninga i tauverk bør gå fram av produktinformasjonen på fiskeriutstyr av omsyn til seinare avfallshandtering.

Den vitskaplege artikkelen, med tittelen Multi-stakeholder perspective to generate evidence and strategies for sustainable management of ropes from the fishing sector of Norway, kom ut i desemberutgåva av tidsskriftet Marine Pollution Bulletin. Paritosh Deshpande er førsteforfattar, og i tillegg har Sidra Tul Muntaha og Ragnhild Bjerkvik Alnes bidrege til artikkelen.

Forrige
Forrige

Spøkelsesfiske på dagsorden i Arendal

Neste
Neste

Besøkte Aquafil i Slovenia, der kassert fiskeutstyr blir til badetøy