Besøkte Aquafil i Slovenia, der kassert fiskeutstyr blir til badetøy

Frå venstre: Ranko Kurtovic i Aquafil, Marion Hepsø (NTNU), Heidi Ruud (Nofir) og Paritosh Deshpande (NTNU). Foto: Erlend S. Ingebrigtsen, Nofir

Ved Aquafil i Slovenia blir nylon frå kasserte garn og anna utstyr frå fiskeri og havbruk til nye produkt. Denne gjenvinningsprosessen fekk forskarar frå Shift-Plastics sjå på nært hald då dei besøkte Ljubljana 26.-27. september.

Nofir er blant dei som leverer kassert fiskeri- og havbruksutstyr til Aquafil. Foto: Nofir

Aquafil er ein av Europas pionerar innan gjenvinning av plastavfall, mellom anna kassert utstyr frå fiskeri- og havbruksnæringa. I 2022 utgjorde resirkulert plast nesten halvparten av den samla produksjonen i det italiensk-stifta konsernet, som har produksjonsanlegg i ni ulike land fordelt på Europa, Asia, Nord-Amerika og Sør-Amerika.

Nofir samlar inn kassert utstyr

Det norske selskapet Nofir, som er med i Shift-Plastics, er blant dei som samlar inn og demonterer gamle fiskegarn og anna kassert utstyr i plast og leverer det til Aquafil. Samarbeidet mellom Nofir og Aquafil er bakgrunnen for at Heidi Ruud i Nofir fekk i stand eit besøk ved eitt av Aquafil sine europeiske produksjonanlegg. Med til Ljubljana i Slovenia, var forskarane Paritosh Deshpande og Marion Hepsø frå NTNU, som forskar på sirkulærøkonomi og plastavfall.

Ved anlegget til Aquafil møtte dei Ranko Kurtovic, som er berekraftsekspert i Aquafil. Han gav det norske følgjet ei tre timars omvising slik at forskarane med eigne auge kunne sjå stega i gjenvinninga av gamle garn og anna utstyr.

Fekk innblikk i stega i gjenvinninga

I fabrikken sine lagerlokale fekk dei sjå utgangspunktet – materiala som er samla inn og skal gjenvinnast, til dømes avfall frå teppe og tekstilar og plast frå industri, fiskeri og akvakultur. Dei ulike avfallstypane blir kategoriserte og skilde frå kvarandre for å sikre ein god gjenvinningsprosess.

Døme på produkt frå anlegget i Ljubljana. Foto: Paritosh Deshpande

Enkelt fortalt blir det som skal gjenvinnast delt opp, vaska, tørka og smelta før det blir mata inn i eit regenereringskammer. I kammeret skjer det ein avpolymeriseringsprosess med damp og katalysatorar, og av det lagar ein raffinert PA6 og damp. Dette blir sendt til spesielle destilleringseiningar i ei mellomform, e-kaprolaktam eller nylonsalt. Stoffet er i væskeform, og når det blir kjølt ned, får ein nylon. Av det lagar Aquafil nylonfilament som er klare for marknaden. Det gjenvunne nylonet blir òg til nye produkt, som teppefiber eller tekstilar. Nylonet som er gjenvunne på denne måten er ei beskytta merkevare som Aquafil har kalla Econyl.

Marion, Heidi og Paritosh ved inngangspartiet til fabrikken der dei fekk omvisning.

- Viktig og lærerikt besøk

Paritosh, Marion og Heidi frå Shift-Plastics var på anlegget i tre timar, og lærde mykje om utfordringar knytt til import og prosessering av avfall.

- For prosjektet var dette besøket viktig og lærerikt. Det gav oss ei breiare forståing av Nofir si rolle i å samle inn nylonbasert materiale frå fiskeri og akvakultur som sidan kan gjenvinnast, seier Paritosh Deshpande.

Forskarane vil ta lærdommane med seg vidare i vitskaplege artiklar knytt til å auke sirkulariteten i den norske fiskeri- og akvakultursektoren.

Forrige
Forrige

Betre merking kan redusere plastforureining frå tauverk

Neste
Neste

Internasjonale perspektiv på agendaen