Spøkelsesfiske på dagsorden i Arendal

Christian Karl frå Sintef presenterer for konferansepublikummet i Arendal.

To forskarar frå Shift-Plastics heldt innlegg på ein internasjonal teknisk konferanse om spøkelsesfiske i november. Ghost Gear 2023 fann stad i Arendal og er den første konferansen av sitt slag.

Christian Karl frå Sintef

Christian Karl (Sintef) og Paritosh Deshpande (NTNU) vart inviterte til å halde innlegg på forskarkonferansen i Arendal, som Havforskningsinstituttet arrangerte.

At fiskegarn og -feller blir ståande i sjøen, er eit fenomen som blir kalla spøkelsesfiske, og som FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) har uttrykt stor bekymring for. På konferansen i Arendal heldt Paritosh Deshpande ein presentasjon om korleis ein kan handtere såkalla ALDFG-avfall. ALDFG står for “abandoned, lost or otherwise discarded fishing gear”. 

Paritosh Deshpande frå NTNU

Christian Karl bidrog med eit foredrag om utfordringar og løysingar knytt til resirkulert og biologisk nedbrytbar plast til marine applikasjonar.

Konferansen samla forvaltarar, forskarar, spesialistar på fjerning av spøkelsesreiskapar og produsentar av fiskereiskapar for å finne løysingar som kan redusere spøkelsesreiskapane sin innverknad på marine bestandar og økosystem.

- Publikum lytta oppmerksamt til føredragshaldarane og var svært engasjerte, seier Christian Karl.

Programmet for konferansen Ghost Gear 2023

Forrige
Forrige

Julehelsing frå sjefen

Neste
Neste

Betre merking kan redusere plastforureining frå tauverk