Julehelsing frå sjefen

Hans Jakob Walnum. Foto: Vestlandsforsking

 

Prosjektleiar Hans Jakob Walnum oppsummerer Shift-Plastics-året 2023 og ser fram mot eit innhaldsrikt 2024.

– Prosjektet har i 2023 gått som planlagt, med høg aktivitet. I 2024 går vi i gang med arbeidspakke 5, som dreier seg om berekraftige sirkulære verdikjeder for handtering av plast i fiskeri- og havbruksnæringa. Planen er å lage scenario for korleis overgangen til berekraftig sirkulærøkonomi kan sjå ut i denne næringa.

– Vi har same ambisjon som Norge og Avfall Norge har i den internasjonale plastavtalen: Det overordna målet er å redusere produksjon og forbruk av plast. Vi må sjå på heile livsløpet og tiltak som designkrav og forbod mot kjemikaliar og polymerar som ikkje kan resirkulerast eller gjenbrukast. Vi er òg opptatt av å få til ei vellykka ordning for utvida produsentansvar i Noreg som forlengar levetida på utstyr. Dette kan skje gjennom å auke innsamlingsgraden, betre moglegheitene for å reparere produkt og legge til rette for gjenbruk.

– Tusen takk til alle samarbeidspartnarar for bidraget dykkar i 2023! Eg ønsker dykk ei god jul, og så ser vi fram til eit godt nytt år i 2024. Då skal vi jobbe vidare med konkret kunnskap om korleis norsk og internasjonalt regelverk og praksis bør tilpassast for å vere i tråd med ein berekraftig sirkulærøkonomi.

Forrige
Forrige

Fyrste rapport frå prosjektet no tilgjengeleg

Neste
Neste

Spøkelsesfiske på dagsorden i Arendal