Shift-Plastics tar med innsikt til Arendalsuka

Fra Arendalsuka. Foto: Mona Hauglid

I ei tid der plastforureining er ei av dei største miljøutfordringane, inviterer Vestlandsforsking og Nordlandsforskning til seminar om korleis Noreg kan oppnå berekraftig handtering av plast i fiskeri og akvakultur.

14. august 09:00 er betre handtering av plast frå fiskeri og havbruk i fokus på Alltinget scene i Arendal. Arrangementet byggjer på innsikter frå Shift-Plastics-prosjektet, der utstyrsprodusentar, resirkuleringsselskap, fiskeri- og havbruksnæringa, politikkutformarar og forskarar har samarbeida for å finne nye løysingar på plastproblemet.

Seniorforskar ved Vestlandsforsking og prosjektleiar for Shift-Plastics, Hans Jakob Walnum, understrekar viktigheita av at Noreg, som ein leiande nasjon i kampen mot plastforureining, må gå føre som eit godt døme. På seminaret skal han snakke om korleis berekraftig sirkulær økonomi kan bidra til å handtere plast i fiskeri og havbruk.

– Ei berekraftig sirkulær økonomi vil ikkje berre redusere plastavfallet, men òg skape ei meir robust næring. Det handlar om å sjå heile livssyklusen til plastprodukt, frå design til gjenbruk, seier han.

Seminaret vil òg inkludere korte innlegg frå seniorforskar Megan Palmer-Abbs frå Nordlandsforskning, som vil diskutere utforminga av det nye utvida produsentansvaret (EPR), samt seniorrådgivar Helene Øyhagen Lindberg frå Framtidens Industri, som vil fokusere på barrierane industrien møter for å oppnå meir gjenvinning og resirkulering av plast.

Etter dei faglege innlegga, vil det vere ein paneldebatt med Walnum, Palmer-Abbs og Lindberg, og statssekretær Even T. Sagebakken (Ap), som er statssekretær for fiskeri- og havministeren. 

– Vi skal diskutere kva praktisk politikk som kan bidra til å redusere plastbruk i norsk fiskeri og havbruk, seier Walnum.

Les meir om arrangementet her

Neste
Neste

Masterstudent frå Nepal skreiv om plastavfall frå fiskerinæringa