Masterstudent frå Nepal skreiv om plastavfall frå fiskerinæringa

Masterstudent Dikshya Regmi (i raudt) med Torunn G. Hønsi og Hans Jakob Walnum (prosjektleiar og hovudrettleiar) frå Vestlandsforsking og Ingrid K. Koren frå HVL, som var birettleiar. Foto: HVL

Då Dikshya frå Nepal skulle finne eit tema for masteroppgåva si ved Høgskulen på Vestlandet, valde ho å utforske problemstillingar knytt til plastavfall frå fiskerinæringa. Slik fekk ho Hans Jakob frå Vestlandsforsking som rettleiar.

Landet ho kjem frå, ligg ved foten av «verdas tak». Likevel var det havet Dikshya Regmi frå Nepal valde å skrive om i masterprogrammet Climate Change Mangagement ved Høgskulen på Vestlandet.

Plastproblemet eksisterer òg i Himalaya. Biletet er frå Gorakshep, Khumjung i Nepal. Foto: Sylwia Bartyzel, Unsplash

Ein klar tematisk samanheng finst det likevel, og fellesnemnaren er det globale miljøproblemet plast, som òg gjeld for heimlandet til Dikshya. I og rundt hovudstaden Kathmandu er plastbruk ei stor kjelde til forureining, mellom anna ved at plastposar finn vegen ut i elvane. «Målet mitt er å bidra positivt til natur- og miljøforvaltning, driven av ei djup interesse for å takle plastforureining og konsekvensane av det», skriv ho i forordet til masteroppgåva, der ho analyserer utvida produsentansvar i norsk havbruks- og fiskerisektor.

Gjennom oppgåva vart Dikshya knytt opp til eit fleirårig forskingsprosjekt leia av Vestlandsforsking, der nær 30 partnarar frå forsking, havbruk og fiskeri samarbeider om å utvikle nye grep for å sikre at mindre plast hamnar i havet.

Produsentar må bry seg om slutten

EU jobbar for tida med ei ordning for utvida produsentansvar (EPR), der strategien er at dei som produserer ei vare, òg må ta ansvar for sluttfasen av produktet si levetid. Ein kvar miljøkostnad knytt til eit produkt skal difor leggast til marknadsprisen på produktet. Målet er betre avfallshandtering, eller i fiskerinæringa sitt tilfelle: mindre plast på avvege.

Håpet er at ordninga skal få produsentar i fiskerinæringa til å ville redusere mengda plastavfall, til dømes ved å jobbe for betre resirkuleringssystem og eit produktdesign som ikkje hindrar brukt plast i å kome inn att i verdikjeda.

  • EPR kan hjelpe med å redusere marin forsøpling og spøkelsesfiske ved å fremje betre resirkuleringspraksisar og gjenbruk av materiale

  • Det er utfordringar knytt til komplekse avfallssystem, mangfaldet av materialar i fiskereiskap og logistiske vanskar på grunn av geografisk spreiing og småskaladrift.

  • Ordninga for utvida produsentansvar (EPR) kan støtte ein sirkulær økonomi ved å fremje berekraftige praksisar og innovative design som minimerer avfallsmengda. Det er viktig med skreddarsydde strategiar for kvar sektor, dvs. havbruk og fiskeri.

  • Digitale pass og blokkjedeteknologi kan forbetre sporing og handtering av plastavfall, men det krev meir enn berre teknologiske løysingar. Effektiv regulering, betre fasilitetar og endringar i forbrukaråtferd er også nødvendig.

I masteroppgåva si viser Dikshya at EPR har stort potensial til å redusere plastavfall, betre resirkulering og føre til nye produktdesign.

Norsk logistikk-mareritt

Å oppnå desse måla, viser Diksyha, krev at ein overvinn fleire utfordringar.

Dikshya peiker òg på ein del humpar i vegen til dette målet, som at systema for å samle inn avfall gjerast mindre komplekse. Utstyret som skal gjenvinnast, må dessutan designast annleis, slik at det ikkje er sett saman av så mange samanfiltra materiale som er nærast umogelege å ta frå kvarandre. I oppgåva si var ho òg innom komplikasjonane ved Norge si lange og kronglete kystlinje, der vegane til dels er dårlege.

– Fiskerinæringa i Noreg omfattar mange og små aktørar med base i kvar si vik. Det gjer logistikken for innsamling av avfall til eit mareritt, forklarer Dikshya.

– Med dei rette politikarane, teknologiske innovasjonane og samarbeid i industrien kan EPR spele ei avgjerande rolle i å fremje berekraft og sirkularitet i desse sektorane, seier ho.

Produsentar av fiskeri og havbrukutstyr var vanskelege å nå

Då ho skulle planlegge framgangsmåte for masteroppgåva, gav Dikshya seg ut på noko anna som òg var ukjent for ho: kvalitativ metode.

– Tidlegare har eg berre jobba kvantitativt. No valde eg å studere policy og lovgjeving, som innebar metodar eg aldri før hadde prøvd.

Planen var å intervjue ulike nøkkelaktørar i og rundt havbruks og fiskerinæringane. Men å kome i kontakt med akkurat produsentane, viste seg å vere vanskeleg. Det gjekk lettare med statlege organ som regulerer fiskerinæringa, resirkuleringsaktørar, industriekspertar og forskarar, og desse intervjuobjekta bidrog med nyttige perspektiv. Men det var vanskeleg å få intervju med produsentar av utstyret i Norge og utlandet.

– Då eg skulle forsvare masteroppgåva mi, måtte eg seie rett ut at viss produsentane hadde svart meg, ville heile oppgåva ha blitt annleis, seier Dikshya – framleis litt frustrert.

– Produsentane spelar jo ei veldig sentral rolle i dette.

Ski var ein del av opphaldet i Sogndal for Dikshya Regmi frå Nepal. Foto: privat

Utbygging i Nepal

Korleis hamna den nepalske studenten i ei bygd langt vest i Norge for å studere klimafag? Heime hadde ho studert miljøvitskap, skrive om våtmarker og tungmetall i vatnet og funne seg arbeid i konsulentbransjen. Det handla om vasskraft, overføringslinjer og demningar. I Nepal skjer fleire utbyggingar i regi av indiske selskap.

Skred og flaum er eit stort problem i Nepal, der mange bur bratt til. Foto: Kalle Kortelainen, Unsplash

– Areal er svært rimeleg i Nepal, og det trekker til seg mange som vil investere, fortel ho.

Mange av oppdraga til Dikshya gjekk ut på å ha kontakt med lokalbefolkninga som vart påverka av utbygginga. Sjølv om ho likte arbeidet, særleg alle møta med venlege landsbyfolk, prøvde ho å finne ut korleis ho kunne fordjupe seg meir, anten i form av ein doktorgrad eller vidare studiar i økologi. I denne prosessen oppdaga ho den tverrfaglege klimamasteren i Sogndal, ei halv verd unna.

Saknar liv, leven og folkemengder

I Sogndal venta mykje nytt: vintermørke, eit framandt kosthald og medstudentar frå Noreg og andre land. Dikshya likte mykje av dette, men legg ikkje skjul på at ho sakna det sosiale – alle folka, fargane, luktene og ståket som det er så mykje av i Katmandu og så lite av i ei vestlandsbygd med nokre tusen innbyggarar.

– Valet av Sogndal handla om faget for min del, og ikkje om Sogndal som stad, ler Dikshya. Ho sette pris på å gå turar og hadde stort utbyte av språkkafé, der ho møtte mange venlege eldre kvinner.

– But sometimes you need crowds, and sometimes you need parties!

Snøen og is smeltar i Himalaya

På den faglege arenaen hadde den nepalske studenten likevel stort utbyte. Ho sette pris på eit innblikk i naturen i ein heilt ny del av verda, og innsikt i det som skjer når det gjeld klimaendringar i andre delar av verda.

Til og med i Himalaya blir det mindre snø på fjelltoppane. Foto: Avel Chuklanov, Unsplash

I heimlandet hennar er det mykje som endrar seg. Meir flaum og fleire skred går hand i hand med tørke, skogbrannar og større behov for vatning i låglandet. I fjella trekker dyr- og planteartar opp i høgda etterkvart som det blir varmare.

– Snødekket i Himalaya har òg endra seg merkbart, seier Dikshya.

Dikshya har ønske om ein jobb innan klima- og miljøfeltet i Norge. Foto: privat

Gjennom studiane kom ho òg i kontakt med sider ved klimaspørsmålet som var ukjende for ho frå før, som beredskap og førebygging av naturskade.

– Denne tankegangen er ny for meg. I Nepal og mange andre delar av Asia blir det gjort svært lite for å bu seg på hendingar og naturkatastrofar før noko faktisk skjer.

– Utdanning er annleis her

Dikshya leverte masteroppgåva si tidleg i 2025. No ventar jobbjakt i Norge for Dikshya og ektefellen, som kan vere krevjande sjølv om ein har to mastergradar.

Sjølv om ho av og til føler at ho berre så vidt har skrapa overflata av klima- og miljøfaga, er Dikshya glad for at ho tok sjansen på å entre eit heilt nytt utdanningssystem og ta ein mastergrad i eit felt ho kjende lite til frå før.

– Utdanning er heilt annleis her. Undervisninga er interaktiv, tovegs og praktisk. Den opnar sinnet ditt, seier Dikshya.

Forrige
Forrige

Shift-Plastics tar med innsikt til Arendalsuka

Neste
Neste

Presenterte prosjektet på Bellona-webinar