Høyr om funna i prosjektet 24. september!

Frå ein arbeidsverkstad i Bodø. Foto: Julia Olsen

Lurer du på kva konklusjonar forskarane trekker etter tre års forsking på plast frå fiskeri og havbruk? No skal funna oppsummerast og delast. Er temaet av interesse, bør du få med deg det digitale sluttseminaret 24. september.

«Noreg har ein leiarposisjon i kampen mot plastforureining i havet, og difor har vi ansvar for å gå framfor med eit godt eksempel», skriv prosjektleiar Hans Jakob Walnum i invitasjonen til det digitale sluttseminaret 24. september, der han og samarbeidspartar frå forskingsprosjektet skal legge fram konklusjonar frå tre års forsking på plastutfordringar innan fiskeri- og havbruksnæringane.

Den same bodskapen fremma forskarane i ein kronikk i Dagsavisen og Energi og klima nyleg og på Arendalsuka i august.

Shift-Plastics har bydd på mykje kontakt på tvers av sektorar, og forskarane har fått viktige innblikk via ei rekkje aktørar som står midt i utfordringane det er snakk om: fiskeri- og havbruksnæringa sjølv, dei som leverer utstyr til næringane, dei som står for resirkulering av brukt plast og ikkje minst: dei som utformar politikken på dette området.

Forskarane legg no fram forslag til kva slags konkrete grep dei meiner styresmaktene bør ta for å få bukt med den omfattande bruken av plast og prøve å forlenge levetida til utstyret som alt er i bruk. Dei kjem òg med råd om kva slags politikk som kan fremme berekraftig sirkulærøkonomi. Ikkje minst vil dei ta for seg korleis næringane kan ta i bruk sirkulærøkonomiske prinsipp og utforske potensialet som ligg i teknologiske utbetringar.

– Ei omlegging i retning av berekraftig sirkulærøkonomi vil ikkje berre redusere plastavfallet, men òg gjere næringane meir robuste, seier Walnum.

Sidan fleire av forskarane i prosjektet har utanlandsk bakgrunn, kjem innlegga i sluttseminaret til å vere på engelsk. Prosjektleiar Hans Jakob Walnum håpar likevel fleire enn berre prosjektdeltakarane vel å bruke halvannan time på å høyre kva prosjektdeltakarane har å melde.

Vil du delta på webinaret? Klikk her!


Program for the Shift Plastics End Seminar

09:00–09:10 – Welcome. Towards a sustainable circular economy: Project achievements Hans Jakob Walnum

09:10–09:20 – Key recommendations: Short, medium, and long term – Megan Palmer-Abbs

09:20–09:30 – Short-term actions: Filling data gaps – Paritosh C. Deshpande

09:30–09:50 – Industry insights:

  • Selstad: Presentation of project on traceable ropes

  • Nofir and new PRO (producer responsibility organisarion) – Heidi Ruud

10:00–10:30 – Discussion among participants: The way forward for plastic handling in fisheries and aquaculture



Neste
Neste

Shift-Plastics tar med innsikt til Arendalsuka