Shift-Plastics i lys av internasjonale forhandlingar om ny plastavtale

Designet på garn og nøter er avgjerande for kor lett det er å få til gjenvinning og resirkulering seinare i livsløpet til utstyret. Foto: Idun A. Husabø

Juni var ein viktig månad for det globale arbeidet med å løyse plastproblematikken.

Av Hans Jakob Walnum, prosjektleiar

Tema for verdas miljødag 5. juni var å finne løysingar på plastforureining, og i Paris føregjekk det oppfølging av FNs femte miljøforsamling i mars 2022, der alle dei 193 medlemslanda bestemte seg for å bli kvitt plastforurensing.

Resultatet av Paris-forhandlinga var at 169 av medlemslanda vart einige om å utarbeide det første utkastet til ein internasjonal plastavtale neste år, med mål om endeleg avtale i løpet av 2024. Norge har vore ein pådrivar i forhandlingane om ny plastavtale, og er eitt av fleire land som meiner at løysingane ligg i å sjå heile livsløpet til plasten i samanheng. Dette gjer vi òg i prosjektet Shift-Plastics, der det handlar om å finne berekraftig sirkulære økonomiske løysingar for å handtere plastavfall frå fiskeri- og akvakulturnæringa.

Beat Plastic Pollution - World Environment Day 2023

Vi har identifisert at vi treng forbetringar i alle fasar av livsløpet:

  1. Frå bruk av råmateriale i plastproduksjon og samansetjing av plastprodukt, som krev eit betre design av produkt.

    Det skortar på openheit om kva som er inkludert i plastsaansetninga (polymererar, kjemikaliar og tilsetjingsstoff), og det blir ikkje stilt krav om å setje saman plastprodukt på måtar som gjer det lettare med gjenbruk, ombruk og resirkulering.

  2. Innsamling av plast frå fiskeri og havbruk i Norge har stort forbetringspotensial.

  3. Verdifullt utstyr blir godt ivareteke, men det er rom for meir reparasjon av utstyr enn i dag.

  4. Når det gjeld gjenbruk og resirkulering av plastprodukt frå fiskeri og havbruk, er det stort potensial for forbetring.

Norge, som er ein global pådrivar i det internasjonale samarbeidet, har eit ekstra ansvar for å leie an med gode eksempel, og målet med Shift-Plastics er å kome med praktiske forslag for korleis politikk og insentivsystem bør endrast for å vere i tråd med ein berekraftig og sirkulær økonomi. Ein slik økonomi inneber at vi må redusere den samla mengda plastprodukt vi brukar, både gjennom betre design, lengre levetid, meir reparasjon, gjenbruk og resirkulering, utan at vi flyttar eller aukar den samla miljøbelastninga.

Kjelder:

UNEP om sirkulærøkonomi

Enighet om neste skritt mot internasjonal plastavtale - regjeringen.no

Frå sirkulær økonomi til nyskapinga berekraftig sirkulær økonomi for å redusere ressursuttak, klima- og miljøutslepp (artikkel av Hans Jakob Walnum i Fjordantologien 2022 - Nyskaping)


Forrige
Forrige

Spøkelsesfiske tema i podcast-episode

Neste
Neste

Presenterte prosjektet på internasjonal teknisk konferanse