Presenterte prosjektet på internasjonal teknisk konferanse

Sintef-forskar Christian Karl, som deltek i Shift-Plastics, blei invitert til å halde eit hovudføredrag om resirkulert plast for marine- og bilapplikasjonar på ein viktig vitskapeleg polymerkonferanse, 9th International Conference on Polymeric Materials in Automotive PMA 2023 & the 25th Slovak Rubber Conference i Slovakia 24. - 26. mai 2023.

På den internasjonale tekniske konferansen i Slovakia i mai, møttest forskarar og folk frå bilindustrien for å diskutere tema som korleis polymerar kan resirkulerast og kva slags produkt ein kan utvikle av resirkulerte polymerar. (Foto: Christian Karl, Sintef)

Konferansen var organisert av Slovak University of Technology i Bratislava. Den samlar ekspertar, i hovudsak frå akademia, men òg frå industrien, og andre interessentar innan polymervitskap, for å diskutere viktige trendar i bilindustrien og relaterte tekniske anvendelsar av polymerar. Diskusjonane omfatta også korleis ein kan resirkulere desse stoffa og resirkulerte polymerprodukt.

Christian Karl, Sintef

Målet med konferansen er å setje søkelys på ulike sider ved plast og gummi i bilindustrien og å presentere og diskutere innovative tilnærmingar til nye polymerprodukt som i aukande grad har ein avgjerande innverknad på utforminga og utsjånaden til den nye generasjonen køyretøy.

Publikum lytta oppmerksamt til foredraga og var svært engasjerte i bidraga deira. Det oppstod interessante tekniske diskusjonar og tilnærmingar til nye prosjekt blant dei som deltok på konferansen.

Forrige
Forrige

Shift-Plastics i lys av internasjonale forhandlingar om ny plastavtale

Neste
Neste

Samskaping av nye løysingar for handtering av plast i fiskeri og akvakultur