Deltok på konferanse i Sør-Korea

Engasjerte akademikere på konferanse i Busan. Foto: 7th International Marine Debris Conference

Forskarar i Shift-Plastics la i haust fram førebelse funn på ein internasjonal vitskapleg konferanse i Sør-Korea.

Konferansen the 7th International Marine Debris Conference (7IMDC) har som mål å finne løysingar på problema knytt til plast i hava. Førre utgåve fann stad i Busan i Sør-Korea 18.-23. september 2022, og her var Shift-Plastics representert.

Stor interesse

Blant arrangørane var det sør-koreanske hav- og fiskeridepartementet, FN sitt miljøprogram (UNEP), Korea Marine Environment Management Corporation og det amerikanske statlege vitskapsbyrået NOAA (National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA). Deltakarane på konferansen i Busan representerte politikk, industri, akademia og organisasjonar i ulike land.

Konferansen fekk inn nesten dobbelt så mange forslag til sesjonar som det var rom for, og landa til slutt på å tilby 110 slike sesjonar fordelt på ni temaområde. NTNU og Shift-Plastics var blant dei heldige som fekk tilslag.


Lærdommar frå sesjonen:

  • Fiskeutstyr er i hovudsak laga av moderne plast som kan bestå i fleire ti- eller hundretals år i havet.

  • Fiskarar mistar ein del utstyr som følgje av uvêr, at det heng seg fast under overflata, at andre fartøy kjem borti det og kuttar tau eller ved at anna utstyr kjem borti det.

  • Å kaste utstyr i havet med vilje er sjeldan, men førekjem i samband med ulovleg fiske eller fordi det er dyrt og upraktisk å levere inn utstyr.

  • Mesteparten av fiskeutstyret er laga av materiale som eignar seg godt for resirkulering (polyamid/nylon, polyetylen, polyproylen).

  • Å resirkulere utstyr som er oppbrukt er enklare enn å resirkulere utstyr folk har reist ifrå, mista eller kasta på havet. Det kjem av at algevekst, sand og anna kan ha skadd utstyret. Samansett utstyr kan innehalde bly og andre kjelder til forureining.

  • Å vikle laus samanfiltra garn er svært arbeidskrevjande og ofte umogleg.

  • I Europa er det berre to selskap som aktivt resirkulerer fiskeutstyr i stor skala: Plastix Global og Aquafil. Det er krevjande å få frakta fiskeriutstyret som skal resirkulerast til desse aktørane, og ein bør vurdere klimafotavtrykket nøye.

  • Der det går an, bør ein vaske og dele opp materialet før resirkulering. Det vil betre sjansen for vellukka resirkulering og gje lågare transportutslepp.

  • Det er avgjerande med eit god samarbeid mellom fiskarar, hamnevesen, avfallsaktørar og resirkuleringsaktørar viss ein vil nå sirkulærøkonomiske mål.

  • Ein kan lage mange verdifulle produkt av resirkulert fiskeutstyr. Dei som er genuint sirkulære, altså kan resirkulerast etter at dei er oppbrukte, bør prioriterast.

  • Ein bør etablere fleire mottak som kan handtere oppbrukt utstyr og utstyr ein har henta opp av havet, slik at det blir økonomisk og praktisk mogeleg å resirkulere fiskeutstyr.

  • Finansieringsmekanismar må på plass slik at ein kan støtte langsiktig og storskala program for innsamling og resirkulering. Ein slik metode kan vere utvida produsentansvar (EPR) som vil bli lovpålagt for fiskeri og havbruksutstyr i EU frå 2025 av.


Medarrangør av sesjon

Førsteamanuensis Paritosh Deshpande frå NTNU var medarrangør av sesjonen "Barriers and Opportunities to Circular Design to fishing gears", der deltakarane tok for seg kva slags hindringar og mogelegheiter dei såg for å designe fiskeriutstyr på nye måtar som gjer det realistisk å gjenvinne eller kjeldesortere utstyret når det går ut av bruk.

– Ideen til sesjonen kom frå Shift-Plastics, seier Deshpande. Det formidla han òg på konferansen. Fem andre forskarar frå prosjektet stod som forfattarar av innlegga om prosjektet – tre frå Vestlandsforsking og ein frå Nordlandsforskning.

Spøkelsesfiske

Denne sesjonen var ein av få som tok opp berekraft og sirkularitet knytt til brukt fiskeriutstyr, også kalla «ghost gear» fordi garn og anna søppel av denne typen kan halde fram med «spøkelsesfiske» i lang tid etter at det har gått ut av bruk.

Kor enkelt det er for fiskarar å kvitte seg med brukt utstyr på ein forsvarleg måte, varierer i ulike delar av verda. Forskarane såg på korleis ulike sektorar tek tak i problema.

I samband med den viktige plastkonferansen lærde elevar i Sør-Korea om kva plastavfall i hava gjer med livet i hava våre. Biletet er henta frå konferansen sitt fotogalleri.

– Eit viktig steg på vegen er å finne eller utvikle gode døme på løysingar, såkalla «best practices», seier Deshpande.

 To innlegg om prosjektet

Saman med medarrangørane valde Deshpande ut åtte blant dei 18 som ønskte å presentere forsking på sesjonen. Dei utvalde forskarane kom frå sju ulike land og tok for seg case frå Indonesia, Taiwan, Noreg, Tyskland, Thailand og Søraust-Asia. Publikum bestod av 95 personar, der 70 var fysisk til stades og 25 var med digitalt.

Shift-Plastics vart omtalt i to rundar:

1.       “What is a sustainable circular economy in relation to plastic litter from fishing and could it solve the problem?» Hans Jakob Walnum, Torunn Honsi og Fredrik Johnsen (Vestlandsforsking).

2.       “Moving Beyond the Rhetoric: Co production of circular sustainable service model value chain(s) for plastic use in the Fisheries and Aquaculture Sectors». Megan Palmer-Abbs og Julia Olsen (Nordlandsforsking), Paritosh Deshpande (NTNU).

Abstract frå Track 8 og Session 8.10, som NTNU leidde, finn du her.

Posterutstilling

Forskarane frå NTNU og Shift-Plastics formidla også funn frå tredje og fjerde arbeidspakke i form av ein teknisk poster som tok for seg materiala ein finn i taua norske fiskarar brukar. Forskarane hadde rangert taua etter kor lette dei er å resirkulere. Tittelen på posteren var “Plastic ropes in marine applications; Analysing problems and proposing remedies”. Det var Sidra-Tul Munthana og Paritosh Deshpande frå NTNU som la fram funna.

– I tillegg til å få vist fram relevant forsking frå Noreg, kom vi i kontakt med mange som arbeider med liknande tema, seier Deshpande.

Forrige
Forrige

Fekk feedback frå fiskarane

Neste
Neste

Opningsinnlegg på nasjonal plastkonferanse