Fekk feedback frå fiskarane

Forskarar og fiskarar i skjønn foreining på Nord Fiskarlag sitt stiftingsmøte på Gardermoen. Foto: Dag Erlandsen / kystogfjord.no

Shiftplastics var til stades på Nord Fiskarlag sitt stiftingsmøte i Oslo og håva inn verdifull info frå fiskarane. 

Prosjektgjengen – som består av folk frå både Vestlandsforsking, Nordlandsforskning og Nord Fiskarlag (tidligare Nordland Fylkes Fiskarlag) – gjennomførte både arbeidsverkstad og rekruttering til spørjeundersøkingar under arrangementet, som gjekk føre seg på eit hotell på Gardermoen 13. og 14. desember 2022. 

– Målet var å få tak i fiskarane sitt syn på noverande praksis for innkjøp av fiskeutstyr, vedlikehald og resirkulering, i tillegg til kassering av plastbasert utstyr, seier Megan Palmer-Abbs, nestleiar for Shiftplastics. 

Mange av dei over 70 deltakarane som var samla på Gardermoen, stilte villig opp på prosjektet sine ulike opplegg.

– Vi har møtt en rekke personar som har vært oppriktig engasjert i spørsmål rundt miljøvern og resirkulasjon av plasten som blir nytta i fiskerinæringa. Vi har sett eit høgt kunnskapsnivå om saken og eit sterkt ønske om å komme vidare med desse spørsmåla. Det var godt å høyre, seier Palmer-Abbs.

– Vi var meir interessert i å gå i djupna til kvar enkelt sine erfaringar enn å få mange svar. No har vi dei svara vi treng for å gå vidare med prosjektet. Vi er svært nøgde med både oppslutninga og samarbeidet med det som no har blitt Nord Fiskarlag, seier Palmer-Abbs. 

Forrige
Forrige

Omtale i Gemini og på Sciencenorway.no

Neste
Neste

Deltok på konferanse i Sør-Korea