Opningsinnlegg på nasjonal plastkonferanse

Då folk frå plastindustrien møttest til nasjonal konferanse 28.–29. september, heldt Hans Jakob Walnum opningsforedrag om kva forskarar og brukarpartnarar ønskjer å oppnå i Shift-Plastics.

Hans Jakob Walnum var invitert til å halde opningsforedraget på den nasjonale Plast- og komposittkonferansen på Sandane i Gloppen 28.29. september. I innlegget gjekk han gjennom kriterium for å få til ein berekraftig sirkulærøkonomi for plasthandtering i fiskeri og havbruk.

Hans Jakob Walnum på podiet 28. september. Foto: NCTM

Næringsklynge for polymer og kompositt

Arrangøren var næringsklynga NCMT, som står for «Norwegian Circular Materials and Technology – Polymers and Composites Cluster». NCMT jobbar for å utvikle det dei kallar «innovative, marknadsretta og berekraftige materialløysingar» innan polymer og kompositt. Medlemmane av klynga er bransjeuavhengige aktørar med verdensleiande og utfyllande kompetanse.

Dette må til

I foredraget sitt sa Walnum at status quo er at oppsamlinga kan bli langt betre; både gjenbruk og resirkulering har dessutan eit stort forbetringspotensial. Han gjekk gjennom dei viktigaste kriteria for at vi skal kunne få ein berekraftig sirkulærøkonomi i fiskeri og havbruk:

1) Designe av meir haldbare produkt som kan reparerast

2) Forlenge produktet si levetid gjennom vedlikehald og reparasjon

3) Gjere gjenbruk og resirkulering enklare, og på måtar som gjer at ein ikkje treng produsere ny plast

4) Produsere mindre ny plast

Sirkulære verdikjeder

Walnum forklarte konferansepublikummet kva forskarar og brukarpartnarar skal gjere i prosjektet dei neste åra: på kort sikt, å få kartlagt dagens situasjon når det gjeld mengder, praksis, miljø, politikk og kostnader.

På lengre sikt gjeld det å etablere berekraftige, sirkulære økonomiske verdikjeder som reduserer den samla miljøbelastninga, men òg er berekraftige i økonomisk tyding.

– Vi vil sikre at innsamlinga av plastutstyr aukar, mellom anna gjennom å implementere utvida produsentansvarsordning, og peike på kva ordningar for resirkulering som er optimale gitt dagens situasjon, og korleis materialval og avfallshandtering kan bli forbetra, seier Walnum.

For prosjektet betydde deltakinga og opningsinnlegget på Plast- og komposittkonferansen eit høve til å treffe fleire partnarar og fleire relevante aktørar som kan bidra til å gjere plasthandteringa i fiskeri- og havbruksnæringa meir berekraftig.

Sjå presentasjonen til Walnum

Forrige
Forrige

Deltok på konferanse i Sør-Korea

Neste
Neste

- Få år til å omstille oss