Miljøforskarar fekk prøve plastrydding i Kinn

Forskarane frå Shift-Plastics fekk ta og føle på det marine plastproblemet då dei deltok på strandrydding med skuta “Loyal” 24. oktober. Frå venstre: Hans Jakob Walnum, Madeleine Fisher, Christian Tjessem (Rydd Sogn og Fjordane/Fjordane Friluftsråd), Joaquin Zenteno Hopp og Daniel Furberg. Foto: Bror K. R. Tandberg

Forskarar frå Shift-Plastics fekk nyleg vere med Rydd Sogn og Fjordane på strandrydding langs kysten utanfor Florø. Med på ryddinga var trainee Bror Kristian R. Tandberg og den kanadiske studenten Madeleine Fisher, som har hospitert ved Vestlandsforsking.

Plastryddinga gjekk føre seg på skuta «Loyal», verdas eldste galeas som framleis er i bruk. Forskarane frå Shift-Plastics ønskte å sjå med eigne auge korleis den strabasiøse strandryddinga går føre seg.

I Florø blei dei tekne imot av Christian Tjessem, prosjektleiar i Rydd Sogn og Fjordane, eit initiativ leia av Fjordane Friluftsråd. Dei ryddar jamleg fjøra frå Stad i nord til Solund i sør, og var akkurat denne dagen på rydding i Kinn.

Tusen tonn i fjor

I 2022 deltok over 800 000 frivillige i denne forma for strandrydding over heile Noreg. Til saman rydda dei nesten 1000 tonn søppel langs norskekysten.

Ryddegjengen på «Loyal» tek med seg skuleelevar på alle alderstrinn for å spreie medvit om problema plasten skapar i havet. Då forskarane frå Vestlandsforsking var med, hadde skuta med elevar frå ein folkehøgskule.

– Vår fangst var av det meir moderate slaget, som er ei positivt når vi veit at dette området har vore rydda fleire gonger tidlegare, seier Bror Kristian R. Tandberg, som i år er trainee ved instituttet. Sjølv om vêret var strålande denne dagen, fekk dei kjenne på kor vanskeleg det er å kome til mellom sleipe berg, grove steinar og tang.

– Det blei nemnt at «strandrydding» er eit nokså misvisande namn, for vi fekk kjenne på kor krevjande det er å rydde den steinete fjøra mange stader, seier han.

Fiskeri og havbruk bør gjenvinne meir

Mykje av det ein finn langs strendene er tauverk og anna som kjem ifrå fiskeri- og oppdrettsbaserte kjelder. Rolf-Ørjan Høgset i plastryddings-organisasjonen In the Same Boat anslår at fire femtedelar av plasten på norske strender stammar ifrå desse to kjeldene.

Trass i at fiskeri- og havbruksnæringa er rekna for å ha høg sirkularitet, blir berre ein tredel av plasten dei brukar i dag gjenvunnen, viser ein rapport frå Systemiq og Handelens miljøfond.

Både fiskeribransjen og havbruksnæringa brukar mykje plast. For å levere eitt tonn fisk, brukar fiskeria ni kilo plast. Det tilsvarande talet for lakseoppdrett er 117 kilo plast for å produsere eitt tonn laks.

– Difor er det viktig å tenke innovativt i møte desse utfordringane, mellom anna få ned den fossilbaserte plastbruken og plastproduksjon, seier Hans Jakob Walnum, prosjektleiar for Shift-Plastics og seniorforskar ved Vestlandsforsking.

Den kanadiske studenten Madeleine Fisher besøkte norskekysten for første gong då ho deltok i strandrydding med Shift-Plastics.

– Gjer vi alt rett, kan vi redusere mengda av ny produsert plast i næringa gjennom betre ordningar for innsamling og reparasjon og oppnå ei attvinningsgrad for plast i fiskeri og havbruk på over 80 prosent innan 2040, seier Walnum.

Samanlikna med Canada

Også bachelorstudent Madeleine Fisher frå Canada var med på strandryddinga. Ho studerer til vanleg geografi og psykologi ved University of Northern British Columbia (UNBC) og har hospitert ved Vestlandsforsking i to månader ved hjelp av eit utviklingsstipend. Madeleine har valt å sjå på marine problemstillingar, som plastforsøpling, og var med på rydding med «Loyal» i to dagar med ei overnatting om bord.

Ho har òg samla inn data til Shift-Plastics-prosjektet om korleis heimlandet hennar jobbar med plastforsøpling og skrive ein rapport om handtering av fiskeri- og havbruksplast i Canada. Funna la ho nyleg fram på eit seminar i regi av Shift-Plastics i Oslo.

– Det var veldig verdifullt å få nærkontakt med eit tema eg før har jobba skriftleg med. Plastryddinga på Loyal er ei oppleving eg aldri vil gløyme, seier Madeleine.

– Eg har lært mykje om korleis Canada og Norge handterer problema med plastforsøpling i havet, og eg håpar og trur begge landa er på veg i rett retning.

Forrige
Forrige

Internasjonale perspektiv på agendaen

Neste
Neste

Spøkelsesfiske tema i podcast-episode