Samproduksjon

Det overordna målet med arbeidspakke 3 er å samprodusere ei forståing av plastbruken i fiskeri- og akvakulturindustrien, på tvers av verdikjeder. Korleis kan meir sirkulære og berekraftige løysingar sjå ut, og korleis kan vi få realisert dei?

Denne delen av prosjektet involverer deltakarar frå offentleg forvaltning, privat næringsliv og akademia, pluss andre aktørar som representerer verdikjeda for plasthandtering innan fiskeri- og havbrukssektoren.

Med utgangspunkt i gode eksempel, forskingsbasert kunnskap og innsikt frå Shift-Plastics, vil deltakarane produsere ny kunnskap. I tillegg til møte, intervju og sprørjeskjema legg prosjektet opp til ein serie workshopar. Dei som deltek vil jobbe med å identifisere problemstillingar, føreslå nye løysingar og finne fram til endringar som kan bidra til den nødvendige overgangen til meir sirkulær handtering av plastmateriale.

Leia av Megan Palmer-Abbs, Nordlandsforskning