Foto: Bo Eide

Politikk

Målet med arbeidspakken er å forstå korleis politikk verkar inn på plasthandtering i fiskeri- og havbrukssektoren. Forskarane skal gjere ein kritisk analyse av kor vidt gjeldande og føreslegen politikk fører til meir berekraftige verdikjeder.

Forskarane skal først ta for seg eksisterande (regional), nasjonal og europeisk politikk som har direkte og indirekte innverknad på handteringa av plast i fiskeri- og havbrukssektoren. Dei vil òg ta for seg korleis ny politikk kan fremme berekraft og sirkularitet når det gjeld handtering av brukt plast i sektoren. Her vil insentiv vere eit tema: Korleis kan ein utforme eit insentivsystem som fremmar overgang til sirkulære verdikjeder for handtering av plast til fiskeri- og havbrukssektoren i Norge?

Når forskarane skal kartlegge den gjeldande politikken, gjer dei ein systematisk politikkanalyse på ulike styringsnivå: i bedrifter, sektoren, lokalt, regionalt, nasjonalt og på EU-nivå. Dei vil sjå på korleis politikken påverkar moglegheita for endring i retning av berekraftige sirkulære verdikjeder for handtering av plast, både direkte og indirekte. I tillegg ser dei på korleis politikken både kan stille krav og skjerpe krava overfor produsentar om å bruke resirkulerte råvarer.

I tillegg til krav til produsentar, kan ein bruke avgiftssystemet for å gjere det lønsamt å gå over til fossilfrie materiale. Per i dag finst det ikkje miljøavgifter på sjølve bruken av fossile råvarer til plast eller andre politiske verkemiddel som kan fremme overgang til fossilfrie løysingar. Forskarane vil sjå på korleis ein kan endre retningslinjene slik at ein kan resirkulere meir og redusere bruken av utstyr som blandar ulike typar plast og andre materiale. 

Leia av Hans Jakob Walnum, Vestlandsforsking