Foto: Infinitum

Pilotar

I arbeidspakke 4 er målet å lære av dei som har kome lengst med sirkulær handtering av plast frå fiskeri- og havbrukssektoren, både i Noreg og internasjonalt.

Eit døme på ei føregangsbedrift er Ottersøy Containerservice AS, som produserer eit granulat av gjenvunnen plast frå fiskeri og havbruk. Shift-Plastics vil òg samarbeide med det pågåande prosjektet CiVach, eigd av NovaSea og leia av Sintef Helgeland, der målet er å få til meir gjenvinning av plastavfall frå havbruksnæringa.

Forskarane vil elles sjå på teknologiar for pyrolyse og gassifisering, der såkalla syn-gass blir produsert for kjemiske føremål eller for energiføremål og karbonfraksjonen som blir att til slutt kan seljast som eit eige produkt.

Prosjektpartnaren Scandi Energy har både teknologi og testmogelegheiter for pyrolyse- og gassifiseringsteknologi. Denne teknologien er aktuell for dei mest problematiske materialstraumane forskarane ser på i prosjektet. Det er dessutan aktuelt å vise kva mogelegheiter som ligg i kjemisk resirkulering som ein metode for å handtere “problematisk” utstyr. Nofir har dette som praksis i dag.

Leia av Fredrik Mürer, Sintef Helgeland