Vellukka start i Bodø

Seniorforskar Megan Palmer Abbs ved Nordlandsforskning i diskusjon med med prosjektdeltakarar i Shift-Plastics på den første samlinga i prosjektet.

Rundt 40 representantar for næringsliv, offentleg sektor og akademia deltok på den første samlinga i Shift-Plastics.

Shift-Plastics har som mål å bidra til eit raskt skifte i handtering av plast frå fiskeri og havbruk. På den første samlinga i prosjektet, som fann stad i Bodø 4. mai 2022, deltok representantar for heile verdikjeda  i desse næringane og medlemsorganisasjonane deira.

Eit konkret mål for workshopen var å kartlegge status for bruken av plast i fiskeri og havbruk heilt frå byrjing til slutt - frå det enkelte produktet blir framstilt og fram til produktet blir til avfall. Samlinga var det første fysiske møtet mellom prosjektpartnarane. For å helse på kvarandre og bli kjende, møttest deltakarane til ein middag 3. mai på Hundholmen Brygge i Bodø.

Samproduksjon av kunnskap er eit viktig element i Shift-Plastics. Seniorforskar Megan Palmer-Abbs, som leidde workshopen, hadde lagt opp til teknikkar som gjorde det lett å gå i gang med diskusjonen. Deltakarane jobba seg gjennom heile verdikjeda og diskuterte og markerte kritiske punkt knytt til materiale som blir brukte, drivkrefter som kan skape endring, nøkkelaktørar og avgjerdstakarar og berekraft.

Megan Palmer-Abbs var svært nøgd med dagen, som ho opplevde som veldig vellukka, travel og full av positiv energi. Ho trekkjer fram to mål som var viktige for samlinga:

1.  Å forstå verdikjeda betre, særleg enkelte viktige delar av ho.

2.  Å forstå utfordringar desse næringane møter i overgangen til sirkulærøkonomi

- Vi i prosjektleiinga skal oppsummere hovudfunna. Dei skal utgjere grunnlaget for dei neste stega i prosjektet, avsluttar Palmer-Abbs.

Sjå video frå oppstartssamlinga i Bodø. Video: Sebastian Loraas - SLoraasMedia

Forrige
Forrige

Fekk innspel frå yrkesfiskarar