Tagg oss på Twitter!

Vil du følgje Twitter-profilen til prosjektet, søk etter @shiftplastics. Når du deler relevant stoff, er det flott om du taggar oss (set inn @shiftplastics i twittermeldinga).

Brukar du eller organisasjonen din Twitter? Hugs i så fall på å tagge prosjektet!


Shift-Plastics har sidan hausten 2022 hatt ein profil på Twitter. Profilen til prosjektet heiter @shiftplastics, og blir brukt av prosjektleiinga for å dele stoff knytt til prosjektet. 

Det er flott om alle i prosjektet som brukar Twitter, anten som individ eller institusjon, hugsar på å tagge prosjektet når de deler relevant stoff. Vi taggar òg gjerne dykk som er med i prosjektet som partnarar. Meld gjerne ifrå viss de har ein Twitter-profil de vil at vi skal bruke, det er til stor nytte for oss!

Det er prosjektleiinga og kommunikasjonsrådgjevarane ved Vestlandsforsking og Nordlandsforskning som har valt å bruke Twitter. Vi gjorde ikkje ei kartlegging blant dei akademiske partnarane og dei andre brukarpartnarane før vi tok dette valet, og vi er klar over at mange nok brukar andre sosiale medium meir. Endringane i Twitter etter Elon Musk sitt oppkjøp kom etter at vi bestemte oss for å bruke Twitter. Vi ser an utviklinga og held dykk informerte viss vi ombestemmer oss og byter til eit anna sosialt medium.

Send eventuelle innspel om dette til Idun Husabø, kommunikasjonsansvarleg ved Vestlandsforsking eller Thoralf Fagertun, kommunikasjonsrådgjevar ved Nordlandsforskning.

Forrige
Forrige

Samskaping av nye løysingar for handtering av plast i fiskeri og akvakultur

Neste
Neste

- 2023 blir et svært viktig år for Shift-Plastics