Slik får vi bukt med marint plastavfall

I norsk samanheng står fiskeri- og havbrukssektoren for størstedelen av plastavfallet som hamnar i havet. Foto: Bo Eide


Forskingsprosjektet Shift-Plastics har identifisert dei viktigaste utfordringane ein må adressere for å redusere plastavfall frå fiskeri- og havbrukssektoren.

I norsk samanheng står fiskeri- og havbrukssektoren for det meste av plastavfallet i havet. Denne forureininga har alvorlege konsekvensar for natur og miljø. Shift-Plastics-prosjektet fokuserer på plastprodukt i fiskeri- og akvakultursektoren og undersøker korleis vi kan oppnå meir berekraftig og sirkulær praksis for dei mest problematiske produkta.

Ved å identifisere utfordringane som oppstår gjennom produktets levetid og foreslå berekraftige løysningar for å møte dem, er måla som følger:

  • utvikle betre og meir sirkulære produkt

  • redusere plastavfall frå fiskeri- og havbruksnæringen gjennom betre bruk av utstyr og reiskap

  • sørge for at produkta kan spores opp og samlast inn meir effektivt og ha nok kvalitet til å brukast vidare eller brukast igjen i nye produkt

Ein rapport basert på prosjektets første arbeidsverkstad er no publisert. Her skildrast utfordringar og moglege løysingar på det som må seiest å være eit stort og komplekst problem.

– Det er forbetringspotensial i alle fasar av plastproduktets levetid, frå design til deponering, seier seniorforskar og hovudforfattar av rapporten, Megan Palmer-Abbs ved Nordlandsforskning.

– Sektorane sjølv er positive til å få bukt med plastavfallsproblemet, men det manglar eit etablert, standardisert, obligatorisk system tilgjengeleg for alle.

 

Den fyrste arbeidsverkstaden til Shift-Plastics samla aktørar frå heile verdikjeda til plastproduktar i fiskeri- og havbrukssektoren. Foto: Sebastian Loraas - SLoraasMedi

Billig, men miljøfarleg
Sommaren 2022 samla Shift-Plastics ei rekke aktørar frå plastproduktas mangslungne verden. Representantar frå heile verdikjeda var representert: dei som utviklar produkta, ekspertar på produksjon og avfall, ekspertar på gjenvinning og deponering, og forskarar.

Deltakarane ble einig om å dele livssyklusen til plastprodukta inn i fire hovudkategoriar: 1. Utvikling, design og produksjon, 2. Bruk, 3. Innsamling og 4. Gjenvinning og deponering.

– Utfordringane begynner allereie med utvikling, design og produksjon, der mykje skjer utanfor Noregs grenser, seier Palmer-Abbs.

– Det er billegare å importere plastprodukt frå til dømes Asia enn å utvikle og produsere dei same produkta i Noreg. Men i mange tilfelle har vi ingen kontroll over kva type plast som brukast og kvaliteten på den. Produkt med låg plastkvalitet øydeleggast raskare og blir fortare til mikroplast, seier ho.

Tøffe forhold
Eit av løysningsforslaga frå forskarane er å etablere ein ny, tverrfagleg kontrollinstans, som skal sjekke kvaliteten på plasten, sørge for meir miljøvenleg produktdesign og sjå til at produkta er egna for gjenbruk eller resirkulering.

– Den nye instansen bør inkludere ekspertise frå resirkulerings- og avfallssektoren, der Norge har nokre av verdas leiande ekspertar, samt implementere norske standardar  for sirkulær design, seier Palmer-Abbs.

Når produkta først tas i bruk, er hovudproblemet at fragmenter eller hele deler av fiskereiskapen eller akvakulturutstyret, går tapt. Resultatet er at det meste av plastavfallet langs kysten kjem frå fiskeri- og havbruksnæringa.

– Fiskeri- og havbrukssektorane tar godt vare på utstyret, men slit med tøffe driftsforhald. Det kan gjerast forbetringar som møter behova til alle aktørar, både store og små, seier Palmer-Abbs.

På arbeidsverkstaden blei det diskutert om og korleis utstyret kunne merkes for å bli funnen igjen. Elektronisk overvaking, farga trådar i tau, og bruk av bøyer var blant forslaga.

– I Noreg finst det allereie fleire system for innsamling av fiskeutstyr og avfall, men utfordringane er likevel mange, seier Palmer-Abbs.

– Mindre fartøy slit med kapasitet og ressursar til å prioritere avfallshandtering. I tillegg er kysten veldig lang her i landet og det er for få stader å deponere avfallet, seier ho.

 

Fiskeutstyr må tåle tøffe forhold. Av og til går det tapt. Foto: Terje Rakke / Nordic Life / nordnorge.com

Lang kyst, få fasilitetar
Å få ordentleg skikk på handtering av avfall frå fiskeri- og havbrukssektoren, krev samarbeid mellom fleire institusjonar og dessutan tilstrekkeleg finansiering.

– Anlegga for avfallshandtering langs kysten er for få og manglar både standardisert sorteringstilnærming og kapasitet, seier Palmer-Abbs.

Når avfallet først er fiska opp og brakt til hamn, er målet gjenbruk eller gjenvinning.

– Det gjerest ein del resirkulering, men langt frå nok. Her startar utfordringane allereie i utforminga av produktet. Blir det laga slik at deler som kan resirkulerast lett kan skiljast frå resten? Er plasten av tilstrekkeleg kvalitet til å brukast igjen? spør Palmer-Abbs.

Mange moglege produkt
Vellykka resirkulering er framleis ei utfordring, sjølv om produktet har dei eigenskapane som trengs for å bli ein del av andre produkt.

– Vi treng resirkulering i mykje større skala enn i dag. Foreløpig manglar det vilje hos sentrale aktørar, det manglar eit effektivt retursystem, og avfallshandtering i fiskeri- og havbrukssektoren manglar koordinering og konsekvensar dersom det ikkje blir gjort, seier Palmer-Abbs.

Det finst mange gode døme både på vellykka produktdesign, gjenbruk og resirkulering. Fiskegarn kan til dømes bli målnett eller hundeband. Mange typar plast kan brukast igjen i sikkerheitsutstyr til tunnelar eller i kajakkar, hagemøblar og mange andre produkt.

Trenger betre samarbeid
I dag hamnar for mykje innsamla plastavfall på søppelfyllingar eller i forbrenningsanlegg. Mange produkt har eit komplisert design, som gjer det vanskeleg å skilje plast frå til dømes metall.

–  Slik situasjonen er i dag, blir ikkje alle fiskarar motivert til å levere avfallet sitt. Tilleggsutgifter og mangel på avfallsanlegg gjer at dette får låg prioritet i ein travel kvardag, seier Palmer-Abbs.

– Havbrukssektoren har tatt ansvar og vi ser nå forbetringar i innsamling og levering til gjenvinning. Likevel må det meir til for å verkeleg gjere ein forskjell.

Regulering fungerer
For å utjamne konkurransevilkåra for både små og store aktørar i fiskeri- og havbrukssektoren, krevst det felles tenking og handling. Aktørar innan både offentleg, privat og frivillig sektor må prate saman. 

– For å oppnå dette trenger vi regulering og egna mekanismar som oppmuntrar brukarar til å samle inn, sortere og levere avfall, slik at vi kan oppnå vesentleg meir resirkulering og skape ein meir omfattande sekundærmarknad for avfallet vårt, seier Palmer-Abbs og legg til:

– Regulering ser ut til å være ein måte som har fungert tidlegare i Noreg.

Forskaren etterlys ein robust offentleg sektor i samarbeid mellom industri, forsking og frivillig sektor.

– Kjernemålet må være løysningar som både oppfyller industribehov og forbetrar sirkulariteten i produkta, seier Palmer-Abbs.

Neste
Neste

Kronikk i Nationen og på forskning.no